John Lundvik, Anderz Wrethov, Andreas «Stone» Johansson
«Too Late for Love» (norsk 'for seint for kjærleik') er ein svensk popsong frå 2019 med den svenske songaren John Lundvik. Han vart framført for fyrste gong under Melodifestivalen i 2019, der han kvalifiserte seg til finalen laurdag 9. mars 2019.[1] Songen er den fyrste singelen til Lundvik sidan «My Turn» og nådde fyrsteplass på den svenske Sverigetopplistan i mars 2019. «Too Late for Love» vann til slutt Melodifestivalen og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel, der han enda på femteplass. Blant songane som deltok der, var det britiske bidraget «Bigger than Us», som òg var skriven av Lundvik. I utgangspunktet skulle Lundvik sjølv framføre denne låten i Melodifestivalen, men etter sterkt ønske frå SVT bytte han låt.[2][3]
Melodifestivalen
«Too Late for Love» vart send inn til Melodifestivalen 2019, og var eit av 28 bidrag som vart plukka ut til å delta i den svenske tevlinga. «Too Late for Love» deltok i den fjerde semifinalen i Sparbanken Lidköping Arena i Lidköping laurdag 23. februar 2019. Der kvalifiserte han seg til finalen i Friends Arena i Stockholm 9. mars 2019. I finalen fekk «Too Late for Love» toppoeng frå alle jurygruppene og vann telefonavrøystinga, og dimed Melodifestivalen samanlagt.
Eurovision Song Contest
Som vinnar av Melodifestivalen vart «Too Late for Love» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2019. I januar 2019 vart Sverige trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Sverige hadde startnummer 8. I avrøystinga vart «Too Late for Love» blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 18. mai.[4] I finalen kom songen på femteplass etter å ha kome på andreplass i juryavrøystinga og niandeplass i telefonavrøystinga. Lundviks andre bidrag i finalen, Storbritannias «Bigger than Us» enda på sisteplass.[5]