Tony James Lochhead (fødd 12. januar 1982 i Tauranga i Bay of Plenty-regionen) er ein newzealandsk fotballspelar som har spela i forsvar for Wellington Phoenix i den felles australsk-newzealandske ligaen A League, og for New Zealand sitt landslag.
Lochhead drog til California for å spela college-fotball for universitetet i Santa Barbara i 2001. Frå 2005 til 2007 spelte han profesjonelt for New England Revolution i den amerikanske proffligaen Major League Soccer. I 2007 mista han kontrakten sin og drog tilbake til New Zealand og det einaste profesjonelle fotballaget der, Wellington Phoenix. Sommaren 2008 var han på prøvespel hjå Middlesbrough i engelsk Premier League, men vende heim utan kontrakt.
Lochhead debuterte for New Zealand sitt A-landslag 12. oktober 2003 i eit 0-3-tap mot Iran. Han spelte alle kampane til New Zealand under kvalifiseringa til fotball-VM i 2006, og tok òg del i kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010, då New Zealand kvalifiserte seg.
Kjelder
- Denne artikkelen begynte med omsetjing av stoff frå Engelsk Wikipedia den 14. april 2010.