Tommy Svindal Larsen (fødd 11. august 1973) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Skien. Midtbanespelaren Larsen spelte på Odd Grenland, IK Start, Stabæk IF og tyske FC Nürnberg. I tida 1996-2007 deltok han i 24 landskampar for Noreg, utan å kome på skåringslista.
Karriere
Klubbspel
Larsen viste tidleg stort fotballtalent, og med totalt 99 kampar har han norsk rekord i tal spelte kampar på aldersbestemte landslag. Han debuterte på Odd i 1989-sesongen, ein klubb som då spelte i 2. divisjon. Vinteren 1990/91 melde han overgang til Start, og spelte dei neste fire sesongane for Kristiansand-klubben. Sjølv om han fekk godt om speletid, slo han ikkje til som forventa. Erik Mykland regjerte desse åra midtbana i Start, så ved sesongslutt 1994 vart Larsen overført til nyopprykka Stabæk IF.
I tida i Stabæk vart Larsen omskulert frå offensiv til defensiv midtbanespelar, ein posisjon han blomstra i. Saman med Martin Andresen i ei playmaker-rolle la han mykje av grunnlaget for at Stabæk i 1998 vann sitt fyrste trofe på fotballbana, og Larsen var kaptein då laget vann cupfinalen 1998 mot favoritten Rosenborg Ballklub.
Etter seks sesongar i Stabæk fekk Larsen hausten 2001 kontrakt med den tyske klubben FC Nürnberg. Han spelte fire sesongar på Bundesliga-laget, der han etter kvart vart ein nøkkelspelar sentralt på midtbana. Larsen deltok i over hundre kampar for Nürnberg, og var lagkaptein då han sommaren 2005 returnerte til Noreg og Odd. Fram til han la opp i 2011 var han også kaptein på laget frå heimbyen Skien.
Landslagsspel
Larsen landslagsdebuterte 24. april 1996, då han vart bytta inn i pausen i ein 0-0-kamp mot Spania på Ullevaal stadion i Oslo. Det neste tiåret fekk han årleg gjerne opptre eit par gonger i den norske landslagstrøya, flest landskampar i eit kalenderår hadde han i 2001 og 2006 med fire oppgjer begge gongane. Larsen spelte sin 24. og siste A-landskamp då han fekk tre minuttar som innbytar mot Kroatia i Rijeka, 7. februar 2007. Han slo aldri til på landslaget og skåra ingen mål.
Kjelder