Tobias Reichmann (fødd 27. mai 1988) er ein tysk handballspelar frå Berlin. Han er venstrehendt og har spelt både i rykkrom og på kant på høgresida i angrep. Reichmann vart europmeister med Tyskland i 2016 og har vore med om å vinne EHF-meisterligaen tre gongar, fyrst for THW Kiel i 2010 og 2012 og så for KS Kielce i 2016.
Kjelder