Museet er oppført 1839-1848 etter ei offentleg innsamling i 1837 og er teikna av Michael Gottlieb Bindesbøll. Det vart oppført på fundamentet af Christiansborgs tidlegare vogngard på avfallsplassenSkarnholm.
Det opna 18. september 1848.
Bertel Thorvaldsen døydde fire år før museet stod ferdig. Ei veke før museet opna for publikum, vart kista hans flytta frå Vor Frue Kirke til gravkammeret i museets indre gard.
Bygget er inspirert av den antikke greske arkitekturen og bygd rundt eit indre gardsrom der kunstnaren ligg gravlagd. Det er nemneverdig på grunn av fargebruken både inn- og utvendig. Kvart rom i museet har ein unik takdekorasjon i grotesk stil.
Frisa på yttermuren til museet skildrar Thorvaldsens heimkomst frå Roma i 1838. Ho er laga av målaren Jørgen Sonne. Frisa forfall og vart i 1949-59 trekt av muren og erstatta av ein kopi laga av målaren Axel Salto.[2]
Samling
Museet rommar ei lang rekke av Thorvaldsens verk i mormor og originale gipsmodellar, som vart brukt ved framstillinga av dei endelege marmor- og bronseverka og relieffa. Fleire gipsmodellar er stilt ut i museet. Originalane kan ein i dag sjå i museum, kyrkjer og andre stader rundt om i verda. Museet eig ei lang rekke måleri, antikkar, erotika, teikningar og grafikk, som Thorvaldsen samla, og ei rekke gjenstandar, som Thorvaldsen brukte i arbeidet sitt og i kvardagen.
Kunstverk i samlinga
Jason med det gylne skinn 1803–1828, statue[3][3] ;
Ganymedes med Jupiters ørn av Bertel Thorvaldsen, groupe, 1817[4] ;
Les trois Grâces avec Cupidon, groupe, 1817-1818[3] ;