Thore Johnsen (fødd 22. desember 1947) er professor i finans ved Noregs Handelshøgskole.
Johnsen studerte først til siviløkonom før han tok doktorgraden ved Carnegie-Mellon University i Pittsburgh. Her skreiv han avhandlinga si i industriell økonomi rettleidd av blant anna dei seinare nobelprisvinnarane Edward Prescott og Robert Lucas. Han underviste ved Northwestern University og Columbia University før han returnerte til NHH i 1979.
Johnsen har vore drivkraft i utbygging av finans som forskingsfag i Noreg.
Bakgrunnsstoff
Kjelde