Weelkes kom truleg frå Sør-England, men lite er kjend om det tidlege livet hans.[1]
Han vart organist ved Winchester College i 1598, og flytta om lag 1601 til domkyrkja i Chichester.[1] I 1602 blei han «bachelor of music» ved Universitet i Oxford, og i 1603 gifta han seg med Elizabeth Sandham.[1]
Frå 1609 byrja Weelkes få refsingar frå kyrkjeautoriteten for offentleg fyll, banning og for tenesteforsømming, og han vart sparka frå posten i 1617. Han fekk så ein ny posisjon som organist, men klarte igjen ikkje å fylle tenesta.[treng kjelde]
Etter at kona døydde i 1622 trekte han seg heilt tilbake, og døydde sjølv året etter i London.[2]
Verk
Thomas Weelkes er rekna som ein av dei største madrigalkomponistane frå England på 1600-talet.[2]
Det er att rundt 100 madrigalar etter komponisten. Dei er kjenneteikna av livleg rytme, ordmåling og fullendt struktur og form.[1] Weelkes vert også hugsa for dei kreative musikalske bileta og for meisterleg kontrapunkt.
Det er kjend at Weelkes skreiv 41 anthem; 25 av desse er kjende for ettertida i fullsendig eller restaurert form. Han komponerte både anthem for fulle kor («full anthem») og med soloparti («verse anthem»).[2] Han skreiv musikk til 10 anglikanske gudstenester (service). Ingen av desse finst i fullstendig form i dag, men tre er blitt rekonstruerte.
Komponisten skreiv ei mindre mengd instrumentalmusikk som er mindre kjend. Den alvorlege consortmusikken hans er ein kontrast til dei livlege madrigalane.