Theodor Kallifatides (fødd 12. mars1938) er ein svenskforfattar og kulturperson. Han skriv på svensk. I 2000 blei Kallifatides tildelt ærestittelen Professors namn av den svenske regjeringa. Kallifatides er fødd i landsbyen Molai på halvøya Peloponnes i Hellas. Etter artium i 1956 arbeidde Kallifatides som skodespelar og avtente verneplikta. Kallifatides kom til Sverige i 1964. Han fekk fyrst småjobbar, lærte svensk og studerte filosofi. Han blei Cand.mag. i 1967. Han arbeidde som fiosofilærar i vidaregåande skule i Täby åra 1967-1969 på universitetet i Stockholm 1969-1972. Kallifatides var ansvarleg redaktør for tidsskriftet Bonniers litterära magasin mellom 1972 og 1976.
Litterær verksemd
Kallifatides debuterte som lyrikar, men han fekk sitt store gjennombrot med ein romantrilogi om livet i landsbyen Jalos under og etter den greske borgarkrigen. Fyrste del Bønder og herrer (1973) kom ut i norsk omsetjing i 1975.[1] I slutten av 1970-åra følgde fire romanar om kjærleik. Eit tema som forfattaren kjem attende til er situasjonen til innvandrarar i Sverige. Kallifatides har òg skrive kriminalromanar, historiske romanar, samt reiseskildringar og reportasjebøker. Bøkene hans er omset til gresk, engelsk og fransk.