To songar skrivne av Van Morrison er med på albumet, «My Lonely Sad Eyes» og «Hey Girl». Versjonen deira av Bob Dylan sin «It's All Over Now, Baby Blue» vart av forfattaren Clinton Heylin rekna som «ein sjeldanheit, ein Dylan-song som matchar originalen.»[3]
Som med «Gloria» frå den første plata, så vart «I Can Only Give You Everything» ein song som vart mykje spelt av amerikanske garasjerockeband, som The Liverpool Five, The Little Boy Blues, The MC5, Bram Rigg Set, The Ambertones og The Heros. Songen vart òg spelt av The Troggs og på fransk av Les Sultans (som «Tu es impossible») og Ronnie Bird (som «Chante»).