The Whites er ei USA-amerikansk country-vokalgruppe som består av Sharon White (f. 1953), systera Cheryl (f. 1955)og faren Buck (f. 1930). I 1980-åra fekk dei fleire hittar som «You Put The Blue In Me», «Hangin' Around», «Give Me Back That Old Familiar Feeling», «Pins And Needles», «If It Ain't Love (Let's Leave It Alone)», «Hometown Gossip» og «When The New Wears Off of Our Love».
I august 1981[1] gifta Sharon White seg med Ricky Skaggs, som spelte på fleire av dei tidlege platene til The Whites. I 1987 gav paret ut hitten «Love Can't Ever Get Better Than This».
The Whites vart medlemmar av Grand Ole Opry i 1984. Samarbeidet deira med Ricky Skaggs, Salt of the Earth, vann Grammyprisen i 2008 for beste Southern/Country/Bluegrass-album.
The Whites er med på O Brother, Where Art Thou?-albumet med songen «Keep on the Sunny Side». Dei er òg med på konsertdokumentaren Down from the Mountain med artistane som spelte musikken for filmen.
The Whites vart innlemma i Texas Country Music Hall of Fame 16. august 2008.
Diskografi
Album
Singlar
Sharon White-singlar
Kjelder
Bakgrunnsstoff