The Sims 3: De fire årstider er den åttande utvidingspakken til The Sims 3 på OS X og PC.[1] Spelet kom ut den 13. november 2012 i Nord-Amerika og 16. november i Europa.
Gameplay
Spelarar kan samhandle med vêret. Det er ulike festivalar i løpet av kvar årstid, med arrangement som simar kan ta del i. Simar kan få ansikta sine måla og konkurrere i pølseeting-konkurransar om sommaren, skjere eit graskar og dykke etter eple i løpet av hausten og har snøballkrig eller drive med snowboard og skøyter om vinteren. Simane kan også bade i havet og spele fotball heile året. Det er kome nye karaktertrekk hjå simane, «elskar kulde» og «elskar varme».
Det finst fem typar vêr: regn/lyn, sol, hagl, snø og tåke. Det er varierande grad av regn, inkludert lett regn, regelmessig regn og torevêr. Simmne kan sprute og hoppe i sølepyttar for gje eit løft til moro-behovet sitt, og dette kan bidra til å sløkke brannar eller å vatne plantar.
Utgåver
Spelet kom i to utgåver, den vanlege utgåva og den avgrensa utgåva. Den avgrensa utgåva inneheld eksklusive element som iskrem-møblar.[2]
Referansar
Kjelder