Connell vart fødd i County Meath aust i Irland, og flytta som vaksen til Dublin, der han arbeidde som hamnearbeidar til han vart svartelista for å prøve å fagorganisere arbeidarane. Han fór til London for å bu og arbeide der, og vart inspirert til å skrive ein sosialistisk høgsong etter å ha høyrt ei forelesing i Social Democratic Federation. Han sette ned orda medan han sat på toget frå Charing Cross Station til heimen sin i New Cross, i Sør-London. Teksten blir vanlegvis sungen til den tyske julesongmelodien «O Tannenbaum».
I 1920 skreiv Connell: «Trudde eg at songen ville leve? Ja, den siste linja syner at eg gjorde det: «This song shall be our parting hymn». Eg nølte lenge over denne siste linja. Eg spurde meg sjølv om eg ikkje gjekk over streken. Men eg tenkte at med å skrive denne songen gav eg uttrykk for ikkje berre mine eigne beste tankar og kjensler, men dei beste tankar og kjensler til kvar einaste ekte sosialist eg kjende. Eg avgjorde at siste linja skulle stå.»
Det er nokre alternative versjonar. For eksempel blir «The workers' flag» somtid sunge i staden for «The people's flag», eller «beneath its fold» i staden for « within its shade».