The Pretty Things er debutalbumet til det engelske rockebandet The Pretty Things, utgjeve i 1965. Det består hovudsakleg av coverlåtar innan R&B og rock and roll.
Det vart gjeve ut ei britisk og ei amerikansk utgåve av albumet, der det amerikanske inneheld singlane som ikkje kom med på albumet i Storbritannia. Ei nyutgjeving i 2000 inneheld alle songane frå begge versjonane av albumet.
Innspeling
Innspelinga av debutalbumet skal ha vore ei legendarisk øving innan anarki, og berre 30 minuttar inn i dei to innspelingsdagane reiste den originale produsenten Jack Baverstock, som òg var sjef for plateselskapet deira, seg og gjekk ut[1]. Albumet vart laga under rettleiing av trommeslagaren Bobby Graham. I lag danna dei eit album som i følgje Allmusic «fekk den tidlege musikken til The Rolling Stones, til å høyrast ut som The Beatles: særs kalkulert, lett og fornem. The Pretty Things spelte praktisk talt kvar einaste song og instrument der nåla var pressa opp på raudt.»[1]