The Pink Robots |
|
|
Sjanger | pop |
The Pink Robots er eit norsk poporkester med medlemmar frå Sogn og Fjordane og Nordland. Det blei skipa vinteren 2009 etter at medlemmane hadde spelt saman under andre namn sidan sommaren 2006.[1]
Det vann Årets Urørt i 2010 med songen «Curly»,[2] og var med og kjempa om eitt av fire Aha-stipend.[3]
Namnet på gruppa er inspirert av eit album av The Flaming Lips,[4] Yoshimi Battles the Pink Robots.
Gruppa gav ut debutalbumet The Pink Robots i 2010. I 2013 gav det ut andrealbumet Pink Robots II
Medlemmar
Gruppa består av fem medlemmar, som er fordelt på instrumenta vokal, synthesizer, gitar, bassgitar og trommer. Medlemmane er som følgjer:
- Hans Christian Helgesen: vokal og synth
- Line Dybedal Vederhus: synth og vokal
- John Erik Åhjem: gitar
- Jens Petter Haugan: bass
- Christoffer Vighals Smedaas: trommer
Kjelder
- ↑ «The Pink Robots», www.festivalguide.no (på norsk), henta 11. januar 2025
- ↑ Takle, Stian Sjursen (22. januar 2010), «The Pink Robots er årets Urørt», NRK (på norsk bokmål), henta 11. januar 2025
- ↑ Gytri, Anna (30. juni 2010), «The Pink Robots "tapte" millionen», NRK (på norsk bokmål), henta 11. januar 2025
- ↑ «The Pink Robots», NRK P3 (på norsk), 25. mai 2009, henta 11. januar 2025