The Orbison Way er eit studioalbum av Roy Orbison for MGM Records, gjeve ut i januar 1966. Det vart gjeve ut to singlar frå albumet: «Crawling Back» og «Breakin' Up is Breakin' my Heart», som begge gjekk inn på singellistene i England, USA og Australia.
Orbison arbeider både med orkester og eit band. Bandet vart det nye bandet hans og kalla seg Candy Men.
Allmusic meinte at albumet hadde fått meir respekt om det kom ut i 1963 eller 1964, men at popmusikken i 1966 var komen så pass langt at albumet verka noko utdatert, særleg utan ein hitsingel.[1]