«The Electrician» er ein song skriven av den amerikanske musikaren Scott Walker under namnet Scott Engel. Songen vart først spelt inn og gjeve ut av popgruppa til Walker, The Walker Brothers, som den fjortande og siste offisielle singelen deira i 1978. Singelen gjekk ikkje inn på listene.
«The Electrician» er den andre A-sida som er skriven og sungen av Walker. Dei andre er: «Deadlier Than the Male» (1966), «Track Three» (1984) og «Man from Reno» (1993). Singelen vart gjeven ut i lag med Gary Walker sin «Den Haague».
Midge Ure skal ha vore inspirert av «The Electrician» då han skreiv «Vienna» for Ultravox.[1]
«The Electrician» vart nytta i opninga av filmen Bronson frå 2006, regissert av Nicolas Winding Refn.
Innhald
GTO Records - GT 230Tittel | Låtskrivar(ar) |
---|
1. | «The Electrician» | S. Engel | 3:32 |
---|
2. | «Den Haague» | G. Leeds | 4:03 |
---|
Medverkande
- «The Electrician»
- «Den Haague»
Kjelder
|
---|
|
Album | |
---|
Samleplater | |
---|
EPar | |
---|
Singlar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|