«The Court of the Crimson King» er det femte og siste sporet på debutalbumet til det britiske progrockbandet King Crimson, In the Court of the Crimson King frå 1969. Songen vart òg gjeven ut som singel og nådde 80. plass på Billboard Hot 100. I lag med «Heartbeat» er dette den einaste singelen som har nådd lista i USA.
Bakgrunn
Sporet er dominert av eit markant riff, ein variant av Samuel Barber sin «Essay for Orchestra» (1938), framført på Mellotron. Hovuddelen av songen er delt opp i fire satsar, delt av ein instrumentaldel kalla «The Return of the Fire Witch». Songen har eit klimaks etter sju minutt, men held fram med ein liten reprise, kalla «The Dance of the Puppets», før han endar på ein brå og fri takt. Musikken vart komponert av Ian McDonald og teksten vart skriven av Peter Sinfield.
Medverkande
Salslister
Andre versjonar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samleplater | |
---|
Singlar og EPar | |
---|
ProjeKcts | |
---|
Tilknytte band | |
---|