Teksmona er ei øy i Meløy kommune i Nordland. Øya ligg nordvest for Ørnes. Teksmona har eit areal på 5,2 km², og høgaste punkt på øya er Nattmålstuva på 227 moh.
Ein del av Teksmona er verna som Teksmona naturreservat. Øya er ei av berre få øyar på kysten av Nordland med furuskog.