Tavastland (finsk Häme, latin Tavastia) er eit historisk landskap i Mellom- og Sør-Finland. Området til det historiske landskapet tilsvarer i dag landskapa Egentliga Tavastland, Päijänne-Tavastland (større delen), Birkaland (delvis) og Mellersta Finland.
Historikk
Tavastland var eit av slottslena i Finland i mellomalderen. Det vart danna rundt Tavastehus slott, ein hypotese er at dette slottet vart grunnlagt rundt 1250 av Birger jarl.
Den opphavlege folkegruppa her vart kalla tavaster, 'tavastlendingar'.[1] Etymologisk sett er det finske ordet for tavastllendingar, hämäläjset, etymologisk knytt til samane si eiga nemning sápmelaš.[2]
Det svenske namnet Tavastland finst dokumentert som Tafæistaland på runesteinar frå første delen av 1000-talet, og gav opphavet til det latinske namnet Tavastia, som første gangen vart dokumentert år 1303.[3]
Referansar