Tasha Thomas (1945–8. november 1984) var ein USA-amerikansk songar-låtskrivar og skodespelar, kjend for rolla hennar som Aunt Em i den originale Broadway-produksjonen av The Wiz. Thomas fekk òg ein hitsingel med «Shoot Me (With Your Love)» frå albumet Midnight Rendezvous i 1979.
I 1972 song Thomas korvokal i lag med songaren Ellie Greenwich for debutalbumet til Jim Croce, You Don't Mess Around With Jim. Ho song òg på Slade-albumet Nobody's Fools frå 1976 og i 1977 på Kiss-albumet Love Gun, som ein av «KISSettes».
Thomas døydde av kreft i 1984, 39 år gammal.[1]
Diskografi
Album
- The Wiz (Atlantic Records, ASIN: B000V6AS46)
- Midnight Rendezvous (Atlantic Records, ATLANTIC SD 19223 1)
Singlar
- «Rock-A-Bye, Baby» (2011)
- «Shoot Me (With Your Love)» – U.S. No. 91 Pop, No. 25 R&B; UK No. 59[2]
- «Hot Buttered Boogie»
- «Street Fever»
Kjelder
Bakgrunnsstoff