Tarbes er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Hautes-Pyrénées i regionen Midi-Pyrénées der elva Échez munnar ut i Adour, og er ein del av den historiske regionen Gascogne. Byen har det nest største storbyområdet i Midi-Pyrénées med 110 000 innbyggjarar.
Byen er sete for bispedømet Tarbes-et-Lourdes.
Sør for byen ligg pilegrimsbyen Lourdes, og litt lenger sør ligg grensa til Spania.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld:
Tarbes