Tararuafjella (engelsk Tararuas, Tararua Range eller Tararua Ranges) er ei av fleire fjellkjeder på Nordøya på New Zealand, som dannar eit høgdedrag som går parallelt med austkysten på øya, mellom East Cape og Wellington.
Fjellkjeda er mest markert på den sørlege delen av øya, der ho dannar Rimutaka-, Ruahine- og Tararuafjella.
Tararua går i nordaustleg-sørvestleg retning i 80 km frå nærleiken av Palmerston North til dei øvre delane av Hutt Valley, der den nordlege enden til Rimutaka Range byrjar. I nord er fjellkjeda skild frå den sørlege enden til Ruahine Range av Manawatu Gorge.
Den høgaste toppen i Tararua er Mitre (som ikkje må forvekslast med Mitre Peak), som er 1570 meter høg.
Vegar
Den einaste vegen over fjellkjeda som er open i all slag vêr, er Pahiatua Track mellom Palmerston North og Pahiatua. Denne som er mykje brukt når vegen gjennom Manawatu Gorge er stengd.
Rekreasjon
Området er mykje i bruk som turområde for folk frå Wellington, og mellom dei ulike fotturane er den kjende «Southern Crossing» som går frå Otaki Forks i vest, over Mount Hector og endar ved Kaitoke.