Tanera Mòr er rundt 310 hektar stor og det høgaste punktet er Meall Mòr på 124 meter over havet. Berggrunnen på øya består av torridonsksandstein dekt av torv og beitemark.
Historie
Øya var ei hamn for sildefiske og vart hardt råka då sildeindustrien gjekk dårleg. Det låg to busetnader på øya, Ardnagoine og Garadheancal.
I 1881 var det minst 118 menneske på Tanera Mòr, men alle hadde reist i 1931. Sidan den gong har det berre periodevis vore fast busetnad her. I 2001 budde det fem menneske på øya. Mange av dei gamle hyttene er reonverte og vert i dag nytta som feriehus.
Anlegg og infrastruktur
Det ligg eit anlegg for lakseoppdrett ved Tanera Mòr, fleire feriehus, ein liten segleskule, ein kafe og eit postkontor som har gjeve ut eigne frimerker sidan 1970. Øya har ingen vegar. Det går båt til øya frå Achiltibuie i Wester Ross og Ullapool.