Tanam eller Tan`am er ein landsby i Ad Dhahirah guvernement nordaust i Oman. Landsbyen ligg like sørvest for byen Ibri i Wadi Aswad. Landsbyen er skidlra som «lite meir enn ein oase omgjeven av bustadblokker.»[1] Staden er eit viktig senter for daddelproduksjon og har sidan 1970-åra hatt ein større folkesetnad av duru-folk[2] under daddelinnhaustinga, før dei vender attende til nomadelivet sitt.[1] Grenda Dubayshi ligg i nord og grenda Khuldah like i vest.[3]
Kjelder