Tammerkoski (på svenskTammerfors ström) er ei elv som renn gjennom Tammerfors i Finland. Tammerfors er plassert mellom to innsjøar, Näsijärvi og Pyhäjärvi, som er bundne saman av den 2 km lange Tammerkoski. Høgdeskilnaden mellom desse to er 18 meter, og vatnet renn frå Näsijärvi til Pyhäjärvi via Tammerkoski. Elvebreidda er blant dei eldste industriområda i Finland. Det var eit travel torg her på 1600-talet, og Tammerfors vart opphavleg grunnlagd ved elva, sidan Tammerkoski gav industrien mykje av krafta som trongst.
Det er i dag tre kraftverk og demningar på Tammerkoski.