Tamarisk (Tamarix) er ei planteslekt i tamariskfamilien som omfattar tre og buskar med små, skjelaktige blad. Dei kan minna om bartre. Slekta omfattar 54 artar i Europa, Asia og Nord-Afrika.
Salttamarisk (T. gallica) høyrer heime på havstrand og tørre saltstepper i middelhavslanda, og blir mykje brukt som leplante. Manna-tamarisk (T. mannifera) frå Arabia og Iran utsondrar etter stikk av en skjoldlus ei sukkerhaldig væske som stivnar til ein slags «manna».
Kjelder
- «Tamarisk». Store norske leksikon. 15. februar 2009. Henta 10. juni 2018.