Talcott Parsons (13. desember 1902–8. mai 1979), fødd og oppvaksen i Colorado, er kan henda den mest kjende amerikanske sosiologen. Han grunnla funksjonalismen, og hadde stor innverknad på sosiologien på 1950- og 1960-talet. Han var knytt til Harvard-universitetet nesten heile livet sitt, og utvikla eit teoretisk system for samfunnsanalyse, kalla strukturell funksjonalisme.
Mønstervariablar
I The Social System (1951) legg Parsons fram eit sett av mønstervariablar, som seier noko om samhøvet ein sosial aktør har med andre sosiale aktørar:
Dimensjon
|
Ekspressiv
|
Instrumentell
|
Status
|
Askripsjon
|
Prestasjon
|
Relasjonsfunksjon
|
Diffus funksjon
|
Spesifikk funksjon
|
Samhandlingstype
|
Partikulær
|
Universell
|
Kjenslerelasjon
|
Affektiv
|
Affektiv nøytral
|
Orientering
|
Kollektivorientering
|
Ego-orientering
|
Til dømes vil relasjonane mellom aktørane i ein institusjon som familien, som vert prega av nære kjensleband, oftast vera ekspressive. Medan samhøvet mellom ein seljar og ein kunde på ein marknad vil vera instrumentell. Dimensjonen ekspressiv/instrumentell svarar til ein viss grad til skiljet Ferdinand Tönnies lagar mellom Gemeinschaft/Gesellschaft for å skildra menneskelege relasjonar.
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. (2024) |