Søre Øyane er ein tettstad og en samling øyer sør i Bjørnafjorden kommune mot Bjørnafjorden i Vestland fylke. Tettstaden har 1 094 innbyggjarar per 1. januar 2023. Søre Øyane består hovudsakleg av øyane: Lepsøya, Sunnøya, Bruarøya og Røtinga.
På Sundøy ligg Søre Øyane skule og bedrifta Mecmar, som produserer eit avansert og miljøvennleg eksosgassystem til skipsflåten. Bedrifta har blant anna levert eksosgassystem til den svenske marinen sine korvetter (små fregattar), til 27 malaysiske fregatter, og til Den Kongelig Norske Marines MTBer i Skjold-klassen.[treng kjelde]
På Lepsøy ligg Lepsøy Gartneri og privatskulen Kongshaug Musikkgymnas. På Røtinga ligg eit kvitfiskmottak som tar imot fisk frå sjarkfiskarar og mindre fiskebåtar. På Bruarøy finn du lokalbutikk med marina, drivstoff og Post i butikk.
60°8′43″N 5°22′46″E / 60.14528°N 5.37944°E / 60.14528; 5.37944