Dei syriske provinsane i den osmanske tida.
Sør-Syria (سوريا الجنوبية, Suriyya al-Janubiyya ) er den sørlege delen av regionen Syria , òg kjend som Levanten .
Historisk sett kan Sør-Syria på arabisk omfatte støtte for Stor-Syria -nasjonalismen i samband med kongedømet som vart lovt hashemittdynastiet til Hejaz av britane under fyrste verdskrigen . etter krigen prøvde hashemittprinsen Faisal å opprette ei storsyrisk eller pan-Mashriq -stat - eit samla kongedøme som ville ha omfatta Syria , Libanon , Israel , Jordan , Palestina , Kuwait og Irak , men vart hindra av lovnader britane hadde gjeve andre grupper (sjå Sykes–Picot-avtalen ), som førte til at Frankrike oppretta mandatet for Syria og Libanon i 1920. Gjennom den osmanske periode, før fyrste verdskrigen, vart Levanten administrert og lokalt rekna som ei eining.
Bruken av Sør-Syria var vanleg tidleg på 1900-talet[ 1] og vert framleis stundom nytta i politikk, litteratur og lokalhistorie.[ 2] [ 3]
I følgje referat frå det niande møtet til Folkeforbundet sitt permanente mandatråd vart «Sør-Syria» foreslått som namnet på mandatmakta Palestina på arabisk.[ 4]
Kjelder
↑ Communication from the Arab Revolt in South Syria-Palestine (arabisk)
↑ Jewish colonies on our land in South Syria-Palestin, SSNP, 5th mars, 2009 (arabisk) , arkivert frå originalen 19. juni 2010, henta 24. mars 2014
↑ Palestina for the Syrians?, Daniel Pipes, Dec. 1986
↑ League of Nations, Permanent Mandate Commission, Minutes of the Ninth Session Arkivert 2011-06-28 ved Wayback Machine . (Arab Grievances), Held at Geneva from June 8th to 25th, 1926,
Bakgrunnsstoff