São Miguel er den største og mest folkerike øya i Asorane i Portugal. Ho dekkjer eit areal på 759 km² og har om lag 140 000 innbyggjarar. Den største byen er Ponta Delgada med om lag 45 000 innbyggjarar.
Geografi
São Miguel strekkjer seg 64 km frå aust til vest og er mellom 8 og 14 km brei. Ho har fått kalle namnet «Den grøne øya» og er stort sett dekt av enger og sletter i låglandet. Den gamle laurisilva-skogen er stort sett erstatta av eksotisk vegetasjon. Enkelte varmekjelder (caldeiras) finn ein hovudsakleg i sentrale delar av øya. São Miguel har tre stratovulkanar og kalderaer, Sete Cidades, Agua de Pau, Caldeiras og Furnas. Dei vulkanske massane er knytt saman av kjegleliknande massar som dannar toppane.
Området mellom Sete Cidades og Fogo er eit monogenetisk vulkanfelt som består av 270 vulkanar. Dei består hovudsakleg av basaltiske kjegler. Dette er området som sist hadde vulkansk aktivitet på øya. Ein har talt 19 utbrot dei siste 3000 åra, og det siste kjende kom i 1652.
Det høgaste punktet på São Miguel er Pico da Vara på 1103 meter over havet.