Symfoni nr. 5 i A-dur av Joseph Haydn, Hoboken I/5, trur ein vart skriven mellom 1760 og 1762.
Han er instrumentert for 2 oboar, fagott, 2 valthorn, strykarar og continuo.[1] Ein sonata da chiesa som er delt i fire satsar:
- Adagio ma non troppo, 2/4
- Allegro, 3/4
- Menuet og trio, 3/4
- Presto, redusert takt
Den sakte opningssatsen og trioen i menuett har begge særs høge hornparti. Av verka til Haydn er berre Sonata a tre, Hob. IV/5 og 51. symfoni vanskelegare.[2]
Kjelder
- ↑ H. C. Robbins Landon, The Symphonies of Joseph Haydn. London: Universal Edition & Rockliff (1955): 618. "2 ob., 2 cor., str., [ fag., cemb. ]"
- ↑ Brown, A. Peter, The Symphonic Repertoire (Volume 2). Indiana University Press (ISBN 025333487X), s. 50-51 (2002).