Sykkylven er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg ytst på austsida av Sykkylvsfjorden og har 4 413 innbyggjarar per 1. januar 2023.[1] Den sentrale delen av tettstaden er kalla Aure og ligg ved Aureelva, som renn ut i fjorden frå Andestadvatnet i aust. Gardsnamnet Aure kjem av «aurr» i tydinga 'grus'. Like ved Aureelva ligg tre lokale skular: barneskule, ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule.
Sykkylven er eit senter for handel og tenesteverksemd. Staden har også industri, der særleg møbelindustrien har stått sterkt. Mellom anna har møbelprodusenten Brunstad hovudkontor og Hjellegjerde ein fabrikk i Sykkylven.
I Sykkylven sentrum (Aure) er funne buplassar med fleire større hus frå jern- og bronsealderen. Arkeologiske utgravingar på Auremarka viser busetnadsspor som går tilbake til 800 år før vår tidsrekning.[2] I tettstaden ligg også Sykkylven Naturhistoriske Museum med oppbygd naturlandskap for fuglar og dyr. Sykkylven kyrkje er ei arbeidskyrkje i betong som vart oppført i 1990. Norsk Møbelfaglig senter, som utgjer ein del av Stiftelsen Sunnmøre museum, ligg i Aure. Avisa Sykkylvsbladet kjem ut i Sykkylven to dagar i veka.[1]
Sykkylven har vegsamband med Ålesund via ferje over Storfjorden, som del av fylkesveg 60 og E39. Fylkesveg 60 held fram sørover via Stranda til E39 i Hornindal i Nordfjord.[3]
Bilete frå Sykkylven
Sjå òg
Kjelder