Svend Foyn Bruun (1. desember 1883–31. mai 1956) var ein norsk sjømann og skipsreiar, med vekt på kvalfangst, samt politikar for partiet Høgre.
Bruun, som var son til ein kvalfangar i Tønsberg, reiste til sjøs i 1899. I 1904 tok han eksamen ved sjøkrigsskulen i Horten. Han studerte språk i Frankrike 1904–05, og språk og historie ved University of Oxford i 1905. Under den politiske krisa i 1905 gjorde han teneste i marinen. Fram til 1911 siglde han i koffardifart, vesentleg som skipper. Fra 1911 til 1914 leia han kvalfangstekspedisjonar med flytande kvalkokeri.
I 1919 starta han og Anton von der Lippe skipsreiarlaget Bruun & von der Lippe i Tønsberg, eit selskap som disponerte fleire skips- og kvalfangstselskap. Bruun & von der Lippe starta mellom anna i 1928 Hvalfangerselskapet Antarctic A/S og Hvalfangerselskapet Pelagos A/S. Bruun deltok same året i etableringa av Hvalfangerselskapet Kosmos A/S, og i 1930 av Hvalfangerselskapet Kosmos II A/S. Seinare var han styreformann i desse selskapa. Etter andre verdskrigen skilde Bruun og von der Lippe lag. Bruun overtok Pelagos, medan von der Lippe overtok Antarctic.
Bruun budde på garden Aker i Sem, og var medlem av Sem heradsstyre 1920–25. Han representerte Vestfold fylke på Stortinget 1925–36, der han var medlem av næringskomiteen 1925–30, Sjøfarts- og fiskerikomiteen 1931-33 og finans- og tollkomiteen 1934–36.
Bruun vart utnemnd til riddar av den svenske Nordstjerneordenen og mottok ei tyrkisk fortenstemedalje. Svend Foyn var ein grandonkel.
Kjelder
Bakgrunnsstoff