Svarte Drin (albansk Drini i Zi, som tyder 'svart hjort'; makedonsk Crn Drim) er ei elv som renn gjennom Nord-Makedonia og Albania. Ho strøymer ut frå Ohridsjøen ved Struga i Nord-Makedonia. Etter om lag 50 km kryssar ho grensa til Albania, vest for Debar. Ho flyt saman med Kvite Drin i Kukës og dannar elva Drin, som strøymer vidare til Adriahavet. Det meste av vatnet i dei austlege grenseområda av Albania renn ut i denne elva, inkludert dei tre austlege innsjøane som Albania deler med sine naboland (Ohridsjøen og Prespasjøen) og bekkar som strøymer ut i desse.