Sultans of Swing: The Very Best of Dire Straits er det andre samlealbumet av det britiske rockebandet Dire Straits, gjeve ut 10. november 1998 på Mercury Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA. Albumet vart opphavleg utgjeve, med omslagstekst av Robert Sandall, som både eit enkelt og eit dobbelt album. Den andre plata inneheld konsertopptak. Albumet er kalla opp etter hitsingelen frå 1978 med same namn. Samleplata vart gjeve ut på ny med ein DVD i 2002. DVDen inneheld musikkvideoar av alle songane på den første plata, i tillegg til korte intervju med Mark Knopfler om kvar song.
Innhald
All songar skrivne av Mark Knopfler, utanom spor 9, skriven av Knopfler og Sting.