Strømtangen fyrstasjon er eit landfast fyr ved innløpet til Kragerøfjorden. Fyret har 4. ordens linseapparat og er bygd inn i fyrbygningen i tre.
Plasseringa til Strømtangen fyrstasjon i Kragerø
Fyrstasjonen vart bygd samstundes med Stavseng fyrstasjon lenger inne i fjorden og dannar ei overettlinje med denne. Fyret er ein typisk representant for små trefyr og er freda etter lov om kulturminne.