Stigbøyelmuskelen eller stapediusmuskelen (latin: musculus stapedius) er den minste skjelettmuskelen i menneskekroppen. Den er litt over 1 millimeter i lengd og jobbar med å stabilisere den minste knokkelen i kroppen, nemleg stigbøyelen.
Struktur
Stigbøyelmuskelen oppstår frå ein foramen i spissen av eminentia pyramidalis (ein hòl og kjegleforma prominens i den bakre veggen i trommehola), og har insersjon i stigbøyelnakken.[1]:863
Muskelen dempar vibrasjonen i stigbøyelen ved å trekke i nakken av knokkelen.[1]:863 Den hindrar unaudsynleg rørsle i stigbøyelen og medverkar til å kontrollere amplituden av lydbølgjer som kjem frå dei ytre omgjevnadane til det indre øyret. Den dempar vibrasjonsevna til stigbøyelen og vernar det indre øyret mot høge lydar, særleg lyden frå eiga stemme.
Klinisk relevans
Paralyse av stigbøyelmuskelen, til dømes frå skade i andletsnerven (CN VII) distalt for ganglion geniculi og føre forgreininga til stigbøyelmuskelen (som òg vil føre til facialisparese), opnar for breiare oscillasjon i stigbøyelen, noko som høgnar høyreknoklane sin reaksjon til lydvibrasjonar. Denne tilstanden er kjent som hyperakusi, og fører til at vanlege lydar kan oppfattast som ekstremt høge.
↑ 1,01,11,2Drake, Richard L.; Vogl, Wayne; Tibbitts, Adam W.M. Mitchell; illustrations by Richard; Richardson, Paul (2005). Gray's anatomy for students. Philadelphia: Elsevier/Churchill Livingstone. ISBN978-0-8089-2306-0.
↑Kardong, Kenneth V. (1995). Vertebrates: comparative anatomy, function, evolution. McGraw-Hill. s. 55, 57. ISBN0-697-21991-7.