Stans er hovudstaden i kantonenNidwalden (Nidwald) i Sveits. Kommunen har 7 961 innbyggjarar (2010) og eit areal på 11 km². Kommunesenteret ligg 452 meter over havet.
Geografi
Stans ligg mellom fjella Stanserhorn og Buochserhorn og ved foten av Bürgenstock. Nabokommunar er Ennetmoos og Stansstad i vest, Oberdorf, Ennetbürgen og Buochs i aust og Dallenwil i sør.
43,7% av totalarealet er jordbruksland. 36,5% er dekt av skog og skoglandskap, medan 17,2% er bebygd.