Standart er ei militærfane eller eit banner som vert brukt som feltteikn i krig. Omgrepet «standart» vert særleg brukt om kvadratiske rytterfaner som vert borne av kavaleriet.
I antikken og mellomalderen var standart eit banner som vart heist som et feltteikn framfor feltherren. Standart var også det opphavelege namnet på riksbanneret til den tyske keisaren. I Hitler-Tyskland var dekorative standartar saman med uniformer og flagg viktige deler av den visuelle, militære propagandaen. Da vart ordet Standarte ofte brukt synonymt med regiment.
Etymologi
Ordet standart kjem via franskétendard og tyskStandarte ifrå det latinskeextendere, det vil seie «breie ut». Ordet har i overført tyding fått forma standard, det vil seie «det som fører an og viser vegen», altså ein rettleiande norm eller definisjon, for eksempel for varer eller mål.