Stan Mortensen

Stan Mortensen


Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia
Fødd 26. mai 1921
South Shields
Død 22. mai 1991 (69 år)
South Shields
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1950
Utmerkingar English Football Hall of Fame

Stanley Harding Mortensen (26. mai 192122. mai 1991) var ein engelsk fotballspelar, fødd og død i South Shields. Han er særleg kjend for å ha skåra hat-trick for Blackpool FC i ein FA-cupfinale, noko ingen har gjort han etter på Wembley stadion. Farfaren Hans Mortensen hadde i si tid utvandra frå Noreg.

Karriere

Klubbspel

Mortensen var senterløpar på Blackpool FC sitt fyrstedivisjons-lag i tida frå 1946 til 1955. Han skåra eitt av finalemåla då Blackpool tapte FA-cupfinalen 1948 2-3 mot Manchester United. Fem år seinare skåra han dei tre fyrste måla til Blackpool den 2. mai 1953, då laget snudde finalen i FA-cupen på Wembley stadion frå å ligge under 1-3 til siger 4-3. Mortensen utlikna i sluttminutta til 3-3 med si tredje skåring, før lagkamerat Bill Perry vart matchvinnar på overtid. Saman med høgrevengen Stanley Matthews fekk Mortensen legendestatus i Blackpool. Mortensen skåra 197 mål for Blackpool FC på 217 kampar.

Landslagsspel

Mortensen fekk sin landslagsdebut 25. mai 1947. 25. juni 1950 på Maracanã i Rio de Janeiro skåra han Englands fyrste mål då Chile vart slått 2-0. Denne skåringa var den aller fyrste for England i ei VM-turnering. Han skåra sitt 23. landslagsmål då England på heimebane den 21. oktober 1953 vart grundig slått 6-3 av Ungarn. Kampen var hans 25. og siste i landslagsdrakta.

Merittar

  • Vinnar av FA-cupen: 1953 med Blackpool FC
  • Finalist i FA-cupen: 1948 og 1951 med Blackpool FC

Kjelder