55°25′48.6″N 11°33′24.3″E / 55.430167°N 11.556750°E / 55.430167; 11.556750
Sorø klosterkyrkje ligg i Sorø på Sjælland i Danmark og vart reist som gravkyrkje for Hvide-slekta. Biskop Absalon av Lund tilhøyrde slekta og i 1161 kalla han inn cisterciensermunkane frå Esrum kloster for å byggje kyrkja.[2] Ho vart reist i datidas nye materiale, teglstein.
Sankt Bendts kyrkje i Ringsted blei reist om lag på same tid og begge kyrkjene blei oppført av teglstein.[3] Det er funne restar av teglomnar i området og Valdemar I av Danmark bygde Valdemarsmuren ved Dannevirke av teglstein i perioden 1160-80.[4]
Absalon er gravlagd i kyrkja. Blant øvrige som ligg gravlagd her er dei danske kongane Valdemar Atterdag og foreldra hans Kristoffer II av Danmark og Eufemia av Pommern. Den norske og danske kongen Olav Håkonsson - barnebarn av Valdemar Atterdag - ligg òg her. Av andre kjende folk finn ein Ludvig Holberg.
Bygninga
Sorø klosterkyrkje er samansett av eit langt hovudskip og sideskip, krossarmar og høgkor. Kyrkja har 2 x 2 sidekapell. Over kross-skjeringa er det plassert ein takryttar. Hovudskipet får ljos frå ei rad høgtsittande rundbogevindauge som avsluttast mot aust med eit dobbeltvindauge med halvsøyler og omløpande rundstav. Under taket går ei rundbogefrise med dvergsøyler, på gavlen på nordre krossarmen er det bevart ei stigande rundbogefrise som ved ei restaurering på
1800-talet blei kopiert på gavlen på søre krossarmen.
Sørmuren er noko omdanna etter at bogegangen vart riven på byrjinga av 1800-talet. Sokkelen i nordre sideskip med dvergsøyler er ein kopi frå 1800-talet av eit sokkelfragment funne i kjellaren under nordre krossarmen.
Vestgavlen er opphavleg sjølv om utsmykkinga med halvsøyler og bogeslag blei fjerna på 1800-talet og erstatta med glatt murverk i sildebeinsmønster. Nordre sideskip har opphavleg hatt ein vestinngang som no er blenda og står som ei innvendig nisje. Den noverande vestdøra blei opna på 1700-talet og portalinnfatninga er frå 1800-talet.
Referansar
Litteratur
- Niels Peter Stilling: Danmarks kirker, Politikens Forlag A/S 2000, København (dansk), ISBN 87-56760-59-0.