«Guadalajara» er ein kjend mariachisong skriven av Pepe Guízar i 1937.[1][2] Guízar skreiv songen til ære for heimbyen, byen med same namn som songen og statshovudstad i den mexicanske staten Jalisco.
Versjonar
Songen vart først popularisert av Lucha Reyes, ein mexicansk songar frå Guadalajara og vert ofte rekna som «mora til ranchera-musikken».[2]
I 1940-åra spelte den mexicanske songaren Irma Vila inn songen og song han i musikalfilmen Canta y no llores... (1949).[3] Utgåva hennar vart seinare nymastra og gjeven ut på samlealbumet Irma Vila, La Reina del Falsete: Todos sus éxitos.
Tiddleg i 1950-åra spelte den mexicanske songaren Flor Silvestre inn songen for Columbia Records. Versjonen hennar vart ein suksess og vart gjeven ut på to samlealbum, Canciones mexicanas, vol. 1[4] og Flor Silvestre canta sus éxitos (1964).
Demetrio González, ein spansk fødd songar som song mexicansk musikk, framførte songen i filmen Los cinco halcones (1962).[5][6]
Ei av dei mest populære tolkingane utanfor Mexico vart gjort av Elvis Presley i den siste scenen i filmen Fun in Acapulco (1963).[7] Andre versjonar utafor Mexico vart mellom anna gjort av Nat King Cole[8] på albumet hans More Cole Español (1962),[9] Percy Faith på Viva the Music of Mexico (1958),[10] og Desi Arnaz på The Best of Desi Arnaz Mambo King.[11] Andre kjende mexicanske versjonar er av Rafael Jorge Negrete[12] og Vicente Fernández.[13]
Kjelder
Bakgrunnsstoff