«Graceland» er tittelsongen på albumet Graceland som vart gjeven ut i 1986 av Paul Simon. The Everly Brothers syng harmonivokal på songen.
Teksten omhandlar Simon sine tankar om ein biltur til Graceland etter eit mislukka ekteskap med skodespelarinna og forfattaren Carrie Fisher.
I dokumentaren Graceland Classic Albums seier Simon at han reknar «Graceland» som den beste songen han har skrive.
Songen vann Grammy-pris for «Årets singel», sjølv om han ikkje nådde høgare enn 81. plass på den amerikanske singellista.
«Graceland» har vorte spelt av andre artistar som Hot Chip, Grizzly Bear, Willie Nelson, El Vez, Casiotone for the Painfully Alone og The Tallest Man on Earth.
Kjelder