«Daydream» er ein popsong skriven av John Sebastian, først gjeven ut i 1966. Songen vart først spelt inn av gruppa til Sebastian, The Lovin' Spoonful og gjeven ut på albumet deira med same namn. «Daydream» oppstod då Sebastian prøvde å skrive om The Supremes sin «Baby Love».[1]
Salslister
Songen nådde andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, bak «(You're My) Soul and Inspiration» av The Righteous Brothers.[2] «Daydream» nådde andreplassen på UK Singles Chart. I New Zealand låg songen tre veker på toppen av lista. Han nådde òg toppen av lista i Canada og 13. plassen i Canada.
Salslister
Vekeslister
Liste (1966)
|
Plassering
|
Australia
|
13
|
Canadian RPM Top Singles[3]
|
1
|
New Zealand (Listener)[4]
|
1
|
UK Singles Chart
|
2
|
US Billboard Hot 100
|
2
|
|
Årslister
Liste (1966)
|
Plassering
|
US Billboard Hot 100[5]
|
41
|
|
Andre versjonar
Etter versjonen til Lovin' Spoonful i 1966, er «Daydream» blitt spelt inn av artistar som:[6]
- Chet Atkins i 1988 på albumet C.G.P.
- Otto Brandenburg på dansk under tittelen «Dagdrøm» (1966)
- David Cassidy med B-sida «Can't Go Home Again» i 1973[7]
- Bobby Darin i desember 1966 på albumet If I Were a Carpenter
- Dino, Desi, & Billy i mai 1966 på albumet Memories Are Made of This[8]
- Art Garfunkel i juni 1997 på albumet Songs from a Parent to a Child[9]
- Vince Gill og Kermit the Frog i 1994 på albumet Kermit Unpigged. Denne versjonen nådde 65. plassen på RPM Country Tracks-lista i Canada.[10]
- Gary Lewis and the Playboys i 1966 på albumet deira Hits Again[11]
- Lars Lilholt Band (24. november 2008) på dansk som «Dagdrømmerdreng».
- The Guess Who framførte songen på CBC Winnipeg-radioshowet «The Swingers» i 1967.
- The Mar-Keys i 1969 på albumet deira Damifiknow![12]
- Maria Muldaur (1989)
- Ricky Nelson, på albumet sitt Another Side of Rick, utgjeve 13. november 1967[13]
- Right Said Fred (1992)
- Lewis Ross i 1996 på albumet hans med same namn[14]
- The Sandpipers i 1967 på albumet deira Misty Roses[15]
- Bud Shank (1967)
- Sheila på fransk under tittelen «Le rêve») (juni 1966)
- The Sweet på albumet deira Funny How Sweet Co-Co Can Be, frå 1971
- Bill Wyman's Rhythm Kings frå det tredje albumet deira, Groovin', i 2000.
- Candye Kane, på albumet hennar White Trash Girl, utgjeve november 1971
- Doris Day - My Heart (2011)
- Terry Holley, i 2010 på albumet hans Acoustic Covers[16]
- Mike Vickers i 1968 på albumet hans I Wish I Were a Group Again.
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Singlar | |
---|