Oksanen voks opp i i Jyväskylä i Mellersta Finland. Mor hennar er ein estisk diplomingeniør som voks opp i det sovjetisk-okkuperte Estland og emigrerte til Finland på 1970-talet. Faren er ein finsk elektrikar.[2]
Tematikken i forfattarskapen til Oksanen spinn rundt postsovjetisk kvinneidentitet. I 2008 vann ho Finlandia-prisen for romanen Puhdistus, som delvis er basert på skodespelet ved same namn. Boka vart òg årets store bestseljar i Finland. Puhdistus kom på norsk i 2010 med tittelen Utrenskning. Ho fekk Runebergprisen for Puhdistus i 2009, og i 2010 vann ho òg Nordisk råds litteraturpris for romanen.[3]
Puhdistus er selt til meir enn tjue land og har lege på bestseljarlistene i Sverige, Noreg og Danmark, og har òg selt godt i USA.[4][5]
Stalins kyr
Oksanen debuterte med romanen Stalinin lehmät i 2003, i Noreg med tittelen Stalins kyr i 2009. I romanen møter vi estiske kvinner frå ulike generasjonar og under ulike tilhøve. Hovudpersonen er Anna, ei ung jente som veks opp i Finland på den tida då Estland enno var ein del av Sovjetunionen. Som barn lærte Anna å nekta for den estiske bakgrunnen sin for å unngå horestemplet estiske kvinner risikerer å få i Finland. I tillegg til forteljingar om brutalitet og naud under andre verdskrigen, fangeleirar i Sibir og det sovjetiske overvakingssamfunnet, tematiserer Oksanen òg eteforstyrring og venleiksdyrkinga blant unge jenter.
Baby Jane
Den andre romanen hennar, Baby Jane, kom i 2005. Baby Jane kom på norsk i 2011. Historia spelar ut seg i det urbane Helsingfors i 1990-åra, og temaet i denne boka er sosial angst. Boka handlar om den sjølvsikre og tøffe Piki som er den kulaste lesba i Helsingfors med stor omgangskrins, som alle vil vera saman med. Plutseleg lèt ho seg fange heime og nærast sveltar i hel, då panikkangsten hennar bryt ut og ho ikkje greier å skjula han lenger. Piki mistar stadig grepet på tilværet.
Utrenskning
I 2007 hadde debutskodespelet til Sofi Oksanen, Puhdistus, premiere på Finlands nasjonalteater. Seinare same år vart skodespelet sett opp på Eesti Draamateater i Tallinn og våren 2008 vart det gjesteframført på Dramaten/Elverket i Stockholm. Stykket vart gjeve ut som roman i 2008, på svensk i 2010 og norsk same år.
Handlinga vert hovudsakleg spelt ut i 1992 i Estland. Den gamle kvinna Aliide finn ein dag ei ung kvinne på flukt i hagen på garden på landet. Ho heiter Zara og viser seg til å vera dotterdotter til Aliide si syster. Møtet fører til at Aliide må sjå attende på sit eige liv og skjebnen i landet og dei val ein tok under både den tyske og den sovjetiske okkupasjonen.
Den estiske komponisten Jüri Reinvere skreiv musikk og libretto til operaenPurge (Puhdistus), basert på boka. Denne produksjonen hadde premiere i Finlands nasjonalopera i 2012.
Da duene forsvant
Da duene forsvant vart gjeven ut i Finland 31. august 2012, og kom på norsk året etter. Det er den tredje boka i trilogien om Estland, som har tida under og etter andre verdskrigen som bakgrunn. Boka handlar om tilhøve under okkupasjon, om motstand og forræderi, om ulykkeleg ekteskap, om kjærleik og farlege samband, og om modige og svikefulle val.
Avisartiklar
Sofi Oksanen har fast spalte i det finske tidsskriftet Sihteeri&Assistentti og har skrive i dei finske avisene Sunnuntaisuomalainen, Metro og Aamulehti. Artiklane hennar omhandlar mellom anna multinasjonal identitet, sensur på internett, menneskerettar og ytringsfridom. Andre tema har vore historieløyse og den doble identiteten til estiske kvinner.
Saman med estiske Imbi Paju gav Sofi Oksanen i 2009 ut den finskspråklege artikkelserien Kaiken takana oli pelko («Bak alt står frykt»), som skildrar estisk historie under den sovjetiske okkupasjonen. I innleiinga til boka grunngjev Oksanen utgjevinga med kor øydeleggjande det kommunistiske samfunnssystemet var og at dette ikkje er vorte tematisert og handsama så ofte og grundig, i motsetnad til nasjonalsosialismen.
Bibliografi
Romanar
Stalinin lehmät, WSOY, 2003. På norsk som Stalins kyr, omsett frå finsk av Morten Abildsnes (Oktober forlag, 2009). ISBN 978-82-495-0631-6
Baby Jane, WSOY, 2005. På norsk som Baby Jane, omsett frå finsk av Morten Abildsnes (Oktober, 2011). ISBN 978-82-495-0794-8