«So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» er ein song av det amerikanske rockebandetThe Byrds, skriven av Jim McGuinn og Chris Hillman. Songen kom ut på albumet deira Younger Than Yesterday i 1967,[1] men vart først gjeven ut som singel den 9. januar 1967. Singelen nådde 29. plass i USA, men nådde ikkje lista i Storbritannia.[2][3] Songen vart inspirert av den intensive publisiteten kring danninga av The Monkees, som nettopp hadde hatt debut på fjernsynsserien sin i USA, slik at det fabrikerte bandet vart internasjonalt kjende.[4] Dette fekk Hillman og McGuinn til å sjå på den dåverande tilstanden til popverda med litt meir kynisme.[5][4]
Musikalsk dannar 12-strengsgitaren til McGuinn og basslinja til Hillman kjernen i songen.[6][7] Hillman har fortalt at han lagde basslinja i songen under ei innspeling for den sørafrikanske musikaren Hugh Masekela.[7] Maskela spelar trompet på songen, noko som var første gong Byrds nytta blåseinstrument på ei innspeling.[8][7] I tillegg kan høyran skrikande tenåringsjenter på songen. Desse hyla vart spelt inn den 15. august 1965 under ein konsert med The Byrds i Bournemouth.[9][4]