Sletta Verft AS er eit skipsverft i Mjosundet på Ertvågsøya. Føretaket vart stifta av Kristoffer Sletta i 1945[1] og dreiv i mange år med bygging av trebåtar. I dag byggjer verftet fiskarbåter, brunnbåtar, oppdrettsbåtar og små slepebåtar av stål og aluminium. Skroga vert bygde ved baltiske verft, medan montering og ferdigstilling vert utført ved verftet i Mjosundet. Føretaket har om lag 30 tilsette (2007).
Referansar
- ↑ A.I. Hoem, Skipsbyggingens historie for Kristiansund og Nordmøre, Nordmøre verkstedforening, 1982.
Bakgrunnsstoff