Sleipners veg er ein veg på Skjold i Fana i Bergen. Vegen går vestover frå Tors veg til Skjoldvegen vidare nordvestover som blindveg. Vegen er om lag 900 meter lang.
Vegen er kalla opp etter Sleipner, den åttebeinte hesten til Odin. Fleire vegar i området har namn frå norrøn mytologi. Namnet vart vedteke i 1961.