Slagelse er ein by på Sjælland i Danmark med 33 000 (2016) innbyggjarar. Byen er administrasjonssenter for Slagelse kommune i Region Sjælland.
Slagelse oppsto som handelssenter på 1100-talet og fekk kjøpstadsrettar av Erik Klipping i 1280.[1] Det finst fleire middelalderkyrkjer i byen og rett utafor ruinane av Antvorskov kloster.[4]
Byen har i dag ein del nærings- og konfeksjonsindustri i tillegg til institusjonar innan helse- og utdanning.[4]
Kjelder