Sløvåg er mest kjent som ein ferje- og industristad i Gulen kommune i Vestland fylke. Ferjeleiet er eitt av tre innan sambandet Leirvåg-Sløvåg-Skipavik, på Fv57 og Fv4. Når siste del av fastlandssambandet på Fv4 opnar i 2010 vert Skipavik ikkje lenger stoppestad for ferja.
På grunn av den sentrale plasseringa i høve Mongstad har Sløvåg frå slutten av 1980-talet hatt kraftig industriell vekst.
Dei fyrste som etablerte seg i området var Wergeland-konsernet med produksjon av sementvarer i 1987 og behandlingsanlegg for oljehaldig avfall i 1992. I 1994 starta de eit av dei største steinknusarverka i Nord-Europa på området (Halsvik Aggregates).
Det er òg eit lagringsanlegg for lågradioaktivt avfall i området. Dette anlegget har vorte kraftig kritisert av miljøvernorganisasjonar fordi det ligg under havnivå, og for tett på Alexelas tankanlegg (40-50 meter).[treng kjelde]
I 2007 skjedde ei eksplosjonsulukke i Sløvåg, då ein av tankane til Vest Tank (Alexela) eksploderte og ein annan brann opp. Denne ulukka har fått namnet Vest Tank-ulukka, eller Sløvåg-eksplosjonen. Dei miljømessige konsekvensane av ulykka har vore store, og for områda nord og nord-vest for Sløvåg.[1]
Nedfallet frå eksplosjonen ramma eit område med om lag 1000 innbyggjarar.